Aktuelt frå kommunen

Ny biblioteksjef

Avtroppande biblioteksjef Margrethe Ø. Ask og påtroppande Martine Durban Jahr ved utlånsmaskina i Fusa folkebibliotek. Foto.  - Klikk for stort bilete

Måndag 17. august var den nye biblioteksjefen, Martine Durban Jahr, på plass i Fusa folkebibliotek. Margrethe Øhlander Ask går over i pensjonistane sine rekkjer etter ni år i Fusa. 

Martine Durban Jahr kjem frå Oslo og er 31 år. Ho er utdanna ved Høgskulen i Oslo - bibliotek og informasjonsfag (tidlegare bibliotekshøgskulen) og har erfaring frå arbeid ved fleire bibliotek i Akershus. No er ho flytta til Fusa og Eikelandsosen og tek fatt på nye utfordringar som biblioteksjef for Fusa folkebibliotek.

Pensjonist

Margrethe Øhlander Ask har vore biblioteksjef i Fusa i ni år og pendla frå Kvinnherad. Ho vert pensjonist og går av ved fylte 67 år 9. september. Sjå intervju med den avtroppande biblioteksjefen i Os og Fusaposten.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30