Aktuelt frå kommunen

"Nu ser vi det hele" - flysleppa i nytt lys

Fallskjermar og kontainarar frå flysleppa i Hålandsdalsfjella.  Fotografert på Solvang sommaren 1945. - Klikk for stort bilete I Torsdagsakademiet 1. november kl 19.00 i Fusa folkebibliotek kjem krigs- og lokalhistorikar Per Helge Martinsen med nye detaljar og ny kunnskap om dei allierte flysleppa i Fusa under 2. verdskrigen. 

Martinsen har dei siste åra kome med fleire bøker om 2. verdskrig. Han har no gjort eit djupdykk i historia om dei allierte flysleppa i Fusa i siste del av krigen. Her kjem det stadig fram nye spennande opplysningar frå arkiv i inn- og utland. 

Spørsmåla er mange: Kva var innhaldet i lasta som vart sleppt over fjellheimen i Fusa og kva skulle materiellet nyttast til? Kva fly var involvert og korleis var den lokale mottaksgruppa organisert? Noko visste ein frå før og noko har ein no fått oppdatert kunnskap om. 
 
Med sine breie kjennskap til både motstandsgrupper i Bergensområdet og generell krigshistorie, kan Martinsen òg setja desse dramatiske hendingane frå lokalmiljøet i Fusa inn i ein større samanheng. 
 
Per Helge Martinsen er ein entusiastisk formidlar av lokal verdshistorie og dette er ein kveld etterkrigsgenerasjonen av fusingar bør få med seg. 
 
Det blir enkel servering og inngang kr 100,-. Arrangør er Fusa folkebibliotek.

Siste arrangement i Torsdagsakademiet denne hausten vert 22. november med presentasjon av den lokale bokhausten.
 

Våpen frå 2. verdskrig (LHA, Fusa) - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 25.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30