Aktuelt frå kommunen

Norske løer i fokus

Eva Røyrane - Klikk for stort bilete

Forfattar og journalist Eva Røyrane kåserer i ord og bilete om ”Norges låver” torsdag 16. april kl 19.00 i Fusa folkebibliotek.

 

Eva Røyrane gav i 2014 ut praktboka "Norges låver" saman med fotograf Oddleiv Apneseth. Boka vart ein bestseljar og fekk gode kritikkar. I kåseriet på Torsdagsakademiet vil Røyrane gjennom historier og bilete presentera noko av  mangfaldet i soga om den norske løa. 

Eit ikon i landskapet
”Norges låver” er ei praktbok som med heile 564 sider og over 1000 foto er det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske løa, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap. 
 
Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke i landet for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag.

Frå tradisjon til arkitektur
Løa har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket framleis har her i landet.  Forfattar og fotograf har oppsøkt både særeigne og representative løer landet rundt. Dei presenterer mangfaldet frå den velhaldne til den forfalne løa og frå tradisjonelle til arkitektteikna. Dei viser nyare tids spesialiserte driftsbygningar og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd. Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.
 
Eva Røyrane er opphavleg frå Ølve i Kvinnherad. Ho var i mange år kulturjournalist i Bergens Tidende og har også jobba i NRK . Den prisløna fotografen Oddleiv Apneseth har også vore tilsett i BT, men er i dag frilansar.
 
Arrangementet er eit samarbeid med landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen. Det er som vanleg inngang kr 100,- per person. Teknisk arrangør er Fusa folkebibliotek.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.04.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30