Aktuelt frå kommunen

Nore Fusa kunstgrasbane er opna

Opning av Nore Fusa kunstgrasbane 28.05.2016 - 2 - Klikk for stort bilete

Laurdag 28. mai vart den nye kunstgrasbanen ved Nore Fusa oppvekstsenter offisielt opna. Ådlandsfjorden idrettslag har stått for utbygginga i nært samarbeid med lokalt næringsliv og Fusa kommune.

Det var folkefest på Holmefjord ved opninga av kunstgrasbanen laurdag. Ådlandsfjorden idrettslag har bygd ein 7-arbane med lysanlegg som vil gje fotballmiljøet eit stort løft. Prislapp med dugnadsverdiar er på om lag 2,2 millionar kroner.

Stor dugnadsinnsats

På opningsfesten orienterte prosjektleiar Roger Næss om utbygginga. Det har vore ein stor frivillig innsats i prosjektet heilt frå planlegginga starta i 2014 og fram til realisering i 2016. Det er også mange og store bidrag frå det lokale næringslivet. Alle verksemdene vart trekte fram og fekk ei symbolsk helsing med frå ÅIL. Roger Næss og sponsoransvarleg Arve Samnøy fekk vel fortent takk for deira innsats i realiseringa av prosjektet.

Gode på jentefotball

Styreleiar i Hordaland fotballkrets, Tore-Christian Gjelsvik, kom med ei ballgåve. I sin tale ved opninga skrytte han av både anlegget og det gode samarbeidet mellom idrett og næringsliv i Fusa. Han var også imponert over at jentefotballen står så sterkt i klubben. Tidlegare på dagen hadde eit av jentelaga slått Bremnes heile 10-1!

Honnør frå ordførar

Ordførar Atle Kvåle hadde med seg ei pengegåve på kr 5.000 som han ba om måtte gå til kjøp av fotballar. "Det er knapt noko som gler meg meir enn å sjå ein utslitt fotball, men her har de pengar til å skapa endå meir aktivitet", sa Kvåle, som elles gav ÅIL honnør for ei god gjennomføring av prosjektet. Å byggja eit slikt anlegg midt oppi ein barnehage og skule i full drift er ei utfordring, men dette har de gjort på ein skikkeleg måte, sa Kvåle. Kommunen har også lova eit driftstilskot til anlegget frå 2017 i tillegg til eit investeringstilskot på vel kr 355.000.

Etter talane vart det kulturinnslag med rappmusikk av Tommy Solheim og Eivind Rosvold, før det vart servert pizza og kake i store mengder, men alt forsvann på ein blunk!

Fusa kommune gratulerer Nore Fusa oppvekstsenter og Ådlandsfjorden idrettslag med ein flott ny kunstgrasbane!

Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes F.v. ordførar Atle Kvåle, leiar i ÅIL Ove Vindenes, prosjektleiar Roger Næss og styreleiar i Hordaland fotballkrets Tore-Christian Gjelsvik. | Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 01.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30