Aktuelt frå kommunen

No kan du stemma!

valglogo_gull_nynorsk - Klikk for stort bilete

Om du ikkje har høve til å stemma i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du ta kontakt med kommunen der du ønskjer å stemma for å stemma allereie no. Tidleg førehandsstemming er eit tilbod for å sikra at alle veljarar som ønskjer det, skal få avgi stemme. 

I Fusa kan du stemma i Kommunetunet i Eikelandsosen i opningstida, som er kl. 9-14.30 måndag til fredag, til og med 9. august.

Lister

Til kommunestyret for Bjørnafjorden kommune kan du stemma på lister med namn på alle kandidatane. Vallistene med kandidatane til fylkestinget i Vestland er ikkje klare enno. Der er det førebels berre mogeleg å stemma på parti, ikkje på person. 

Vanleg førehandsstemming og valdag

Perioden for vanleg førehandsstemming er 12. august til 6. september. Valdagen er måndag 9. september.

Du kan berre stemma ein gong

Dersom du vil stemma både ved kommunevalet og fylkestingsvalet, må du gjera det samtidig.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma

Veljarar som ikkje er kjende for røystemottakar, må visa gyldig legitimasjon. Gyldig legitimasjon er bankkort med bilete, posten sitt ID-kort, førarkort eller pass. Du treng ikkje valkort. 

Nordmenn busett i utlandet

Nordmenn som bur i utlandet, kan også stemma no. For meir informasjon om dette, sjå her.

Godt val! 

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 23.07.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30