Aktuelt frå kommunen

No kan du bruka styrkerommet og klatrehallen i Fjorden arena

Testing av klatrehallen på opninga av Fjorden arena i august 2019. - Klikk for stort bileteTesting av klatrehallen på opninga av Fjorden arena i august 2019. Ingeborg Vangsnes Det er endeleg klart for å opna styrkerommet og klatrehallen i Fjorden arena for individuell bruk, opplyser dagleg leiar Embla Helland. Opningstida er klokka 05.00-23.00 alle dagar. For å nytta desse tilboda, må du ha tilgangskort og skriva under på ein brukaravtale. Dette kan du få ordna i Fjorden arena.

Vilkår for bruk av styrkerom og klatrehall

Det er laga eigne reglar og vilkår for bruk av styrkerom og klatrehall. Du må signera ein brukarkontrakt, der du skriv under på at du har lese, forstått og akseptert informasjonen i reglementet.

Merk at aldersgrensa er 16 år for styrkerommet.

For å få tilgangskort til klatrehallen, må du ta med klatrekort. Barn under 13 år må ha følge av ein vaksen i klatrehallen, og barn mellom 13 og 16 år må ha signert løyve frå føresette for å få lov til å vera der utan føresette.

Korleis kan eg få ordna med tilgangskort og brukaravtale?

Les nøye gjennom brukarvilkåra. Skriv ut avtaleskjemaet og signer det. Ta dette med deg, saman med bankkort eller smarttelefon med vipps, og ev. klatrekort, til Fjorden arena. Der kan du få ordna resten

  • på tysdagar klokka 14-18 
  • på torsdagar klokka 16-20

Eller du kan ordna det etter avtale med dagleg leiar Embla Helland

  • på sms til 974 73 186
  • på e-post til embla.helland@fusa.kommune.no

Kva kostar det?

Du betaler per sesong for tilgang til styrkerommet og/eller klatrehallen. Haustsesongen varer til og med 5. januar 2020 - då må du kjøpa ny tilgang. For hausten 2019 kostar det per tilbod/fasilitet  

  • kroner 350 for dei under 20 år
  • kroner 500 for vaksne 

NB! Du kan betala med Vipps eller bankkort i Fjorden arena, men ikkje kontant.

Dersom du skal nytta både klatrehall og styrkerom, treng du berre eitt brukarkort.

Har du chip frå før? Då treng du ikkje kort.

Du finn også brukarvilkår og avtaleskjema på sida til Fjorden arena og i skjemasamlinga til Fusa kommune her på heimesida.

Velkommen til klatring og styrketrening i Fjorden arena!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.10.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30