Aktuelt frå kommunen
Foto frå biletsamlinga, Lokalhistorisk arkiv i Fusa (LAF). | Fotograf: Henning Wernøe - LAF
Folketalet i Fusa gjekk mykje ned i 2011, trass i fødselsoverskot. Biletet er frå Vinnes kai på 1940-talet og er henta frå biletsamlinga til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa (LAF) fotograf Henning Wernøe - LAF

Nedgang i folketalet

Folketalet i Fusa minka med 40 personar i 2011 og var ved årsskiftet 3 811. Dette er ein nedgang på vel ein prosent. Dermed har Fusa talmessig den største folketalsnedgangen av alle kommunane i Hordaland, medan nedgangen prosentmessig var tredjestørst (etter Granvin og Fedje).

Størstedelen av nedgangen kom dei tre siste månadene av 2011. Hovudårsaka er stor fråflytting. Vi hadde eit fødselsoverskot på 10, noko som er bra i Fusa, og ein pluss på seks personar i reknestykket innvandring frå utlandet minus utvandring til utlandet. 107 personar flytta til kommunen frå andre stader i landet, medan heile 163 personar flytta ut til andre kommunar i Noreg.

Størstedelen av nedgangen kom dei tre siste månadene av 2011. Hovudårsaka er stor fråflytting. Vi hadde eit fødselsoverskot på 10, noko som er bra i Fusa. Vi hadde òg ein pluss på seks personar i reknestykket innvandring frå utlandet minus utvandring til utlandet.

107 personar flytta til kommunen frå andre stader i landet, medan heile 163 personar flytta ut til andre kommunar i Noreg.

For fleire tal knytte til folketal i Fusa og Hordaland, sjå Statistikk i vest.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 16.04.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30