Aktuelt frå kommunen

Nedgang i folketalet

Åtte postkassar i eit stativ. Foto. - Klikk for stort bilete GROM

Folketalet i Fusa minka med 12 i første kvartal 2019 til 3 849 registrerte innbyggjarar. Dette viser dei ferske tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det vart fødd like mange som det døydde (8 personar), medan det var fleire som flytta frå Fusa enn til.

Opp og ned hjå nabokommunane

Også i Kvam og Kvinnherad gjekk folketalet ned i 1. kvartal 2019, medan det var ein liten auke i Tysnes og Samnanger. Sjå tabellen nedanfor.

Os auka som vanleg mest, men òg mindre enn den veksten dei har hatt seinare år (bortsett frå i fjor). Det er nettotilflyttinga som er tydeleg mindre enn tidlegare: 1. kvartal i år er den på 46 personar, medan nettotilflytting 1. kvartal 2014-2017 har vore frå 70 til 109 personar. 

Folketalsutvikling 1. kvartal 2019 - Klikk for stort bileteFolketalsutvikling 1. kvartal 2019 SSB

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.05.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30