Aktuelt frå kommunen

Nedgang i folketalet i andre kvartal

Åtte postkassar i eit stativ. Foto. - Klikk for stort bilete

I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal for folketalsutviklinga i kommunane i andre kvartal i år, gjekk folketalet i Fusa ned med 11. Det vil seia at vi er tilbake til 3 838 innbyggjarar, slik Fusa hadde ved årsskiftet. 

Minustal

Statistikken syner minustal både for fødselsoverskot, innvandring og innflytting. Det vart fødd åtte nye fusingar i andre kvartal, medan 16 døydde. Fusa fekk tre nye innvandrarar, medan fem vandra ut. For innanlandsk tilflytting er tala 32 inn og 33 ut.

Fødselsoverskotet viser såleis minus åtte og nettoinnflyttinga inkludert inn- og utvandring minus tre. Fusa hadde såleis ein negativ folkevekst på minus 11 i andre kvartal.

Kva med naboane?

Også Kvam hadde nedgang i folketalet (-31), medan folketalet auka i dei andre kommunane i nærområdet: Tysnes +19, Kvinnherad +35, Samnanger +19 og Austevoll +36. Som vanleg er auken størst hjå storebror Os: +241.

Os er den fjerde største kommunen i Hordaland med 19 463 innbyggjarar. Rekna etter folketal er Fusa nr 21 av dei 33 kommunane i fylket.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 25.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30