Aktuelt frå kommunen

Næringsutvikling med fokus på grøn konkurransekraft

FN sine berekraftsmål.jpg - Klikk for stort bilete

Har du eit prosjekt på gang som handlar om næringsutvikling knytt til "det grøne skiftet"? Då kan du søkja tilskot frå Hordaland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. juni 2019. 

I tilskotsordninga "Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland 2018 - 2019" (HNH) er det sett avt kr 13,5 mill til næringsutviklingsprosjekt med fokus på fornybar energi, partnarskap, klimaretta tiltak og andre tiltak innan det "grøne skiftet", for auka grøn konkurransekraft i næringslivet i Hordaland. 

Kven kan søkja?

Organisasjonar, nettverk, klynger, næringshagar, FoU-miljø, kommunar og fleire verksemder i samarbeid kan søkja. Enkeltverksemder kan ikkje søkja.

Sjå meir informasjon om denne tilskotsordninga på fylkeskommunen sine sider for næringsutvikling

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.04.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30