Aktuelt frå kommunen

Namn på ny kommune – ditt innspel!

nyttkommunenamn_vignett - Klikk for stort bilete Det er vedteke at Os og Fusa kommunar skal slå seg saman frå og med 01.01.2020. Vi inviterer med dette alle innbyggjarar i dei to kommunane til å koma med framlegg til kommunenamn på den nye kommunen.

Frist for å koma med innspel er 18. juni 2017.

 

Vedtak om namn for den nye kommunen vert gjort i felles kommunestyremøte 24. august 2017. Nedanfor følgjer kriterium for kommunenamn. 

Kom med innspel!

  • Bruk digitalt skjema for å kome med ditt framlegg på kommunenamn.
  • Ønskjer du ikkje å bruka digitalt skjema, kan du senda brevpost.
  • Frist for å koma med innspel er 18. juni 2017.


Kriterium for val av nytt kommunenamn

  • Eit nytt kommunenamn er eit stadnamn som representerer viktige språklege og kulturelle verdiar. Namnet er ein del av lokalmiljøet og lokalhistoria, og det skal vera med å styrkja innbyggjarane si kjensle av å høyra til på ein stad. Når nytt namn skal vedtakast, må ein tenkja på at namnet skal verta ståande i generasjonar fremover.
  • Stadnamn har lovfesta vern som immaterielle kulturminne,  jfr. Stadnamnlova frå 1990. Føremålet med lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gje dei ei skriftleg form som er praktisk, og som ikkje skuggar for meningsinnhaldet i namnet. Namnet skal vera lett å skriva, lesa og å uttala.
  • Namnet skal vere dekkande for heile eller store delar av det aktuelle området, slik at flest mogleg av innbyggjarane i den nye kommunen kan identifisera seg med namnet.

Har du spørsmål?

Då kan du ta kontakt med:

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 05.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30