Aktuelt frå kommunen

Møte om Friluftslivets år

Turfølgje 17. august 2014 - Klikk for stort bilete

Torsdag 21. mai kl 18.00 vert det ope møte om Friluftslivets år i biblioteket på Kommunetunet, Eikelandsosen. Friluftsliv er ein del av den norske folkesjela og noko svært mange har glede av i ulike samanhengar. Kva kan vi få til i Fusa i Friluftslivets år?

Aktivitetskalender
Mykje er alt planlagt og gjennomført i regi av ulike lag og organisasjonar frå turlag til skulekorps! Frå Fusa kommune si side er det viktig å få dei som alt har friluftsaktivitet på dagsorden til å halda fram med det og gjerne få med fleire, både einskildpersonar og grupper. Det er alt mykje kreativitet og ting på gang. Kanskje kan vi laga ein eigen aktivitetskalender for resten av året?

Nærmiljøturar
I Fusa har vi fått meir pengar frå det nasjonale turstiprosjektet til å merka fleire turstiar i nærmiljøet. Fusa har mykje fint turterreng, men det er ikkje alltid så enkelt å finna fram. Turtavler, retningspiler og merking i skog og fjell med måling, vardar m.m. er til stor hjelp for alle som ikkje er lokalkjende frå før. Det vert orientert meir om merking av nærmiljøturar  torsdag.
 
Årets turmål
Vi vil gjerne kåra Fusa sitt mest populære turmål. Det vil ein gjera med å registrera turgåarar i turbøker. Dei som vil legga ut nye turbøker kan få nye vassfaste turbøker frå Fusa kommune. Vi har også turbokkassar til dei som manglar det. Kanskje er det ein mykje brukt tursti i ditt nærmiljø som vert «årets turmål i Fusa»?
 
Nina sin herjingar
Vi har fått ei stor utfordring etter orkanen i vinter og påfølgjande stort snøfall. Fleire stader er det svært vanskeleg å ta seg fram. Vi vurderer no å setja opp plakatar fleire stader om at stiar er mellombels stengde pga vindfall. Somme stader kan turruter leggjast om. Det er viktig å få innspel frå publikum slik at vi ser omfanget og kan setja inn tiltak.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30