Aktuelt frå kommunen

Møte i kommunestyret 21. juni 2018

Ei møteklubbe i bevegelse. Foto. - Klikk for stort bilete

Det vert møte i kommunestyret torsdag 21. juni klokka 10.00 i Eikelandsfjorden samfunnshus i Eikelandsosen. Merk tid og stad! Møtet er ope for alle interesserte. På saklista står m.a. tertialrapport, brannstasjon, ny ungdomsskule og områdeplan for Strandvik. Sjå sakspapir.

Innkalling og sakspapir er òg tilgjengelege i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Politikarane skal diskutera følgjande saker:

  • årsmelding og rekneskap for 2017
  • tertialrapport pr. 1.5.2018
  • krav om utbetring av kommunal veg til Kalven
  • hovudbrannstasjon i Eikelandsosen
  • Fusa ungdomsskule - nybygg med kostnadskalkyle
  • avtale mellom Fusa kommune og AS Sambygg om kjøp av tomt på Leiro
  • Finansiering av kjøp av aksjar i ASVO Fusa AS
  • Bjørnafjorden kulturskule
  • folkehelserapporten "Levekår og helse for barn og unge i Fusa"
  • detaljregulering for Vinnesbruddet
  • oppstart av arbeid med områdeplan for Strandvik sentrum
 

Politiske gruppemøte

Det vert gruppemøte i dei politiske partia/gruppene i Kommunetunet

  • måndag 18.06.2018 kl. 18.00 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.06.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30