Aktuelt frå kommunen

Møte i Fusa beredskapsråd

Møte i Fusa beredskapsråd 19.04.2016. - Klikk for stort bilete Tysdag 19. april var Fusa beredskapsråd samla i Kommunetunet i Eikelandsosen for å diskutera samarbeid på tvers av etatar og organisasjonar. På dagsorden stod varsling, informasjon og frivillige si rolle i beredskapsarbeidet.

Medlemer

Ordførar Atle Kvåle, ass.rådmann Elisabeth Farstad, Tove Hjartnes Fosså og Bernt Grimstvedt - Fusa Kraftlag. - Klikk for stort bileteOrdførar Atle Kvåle, ass.rådmann Elisabeth Farstad, Tove Hjartnes Fosså og Bernt Grimstvedt - Fusa Kraftlag. Fusa beredskapsråd har følgjande medlemer: Kommunal kriseleiing, varaordførar, kommuneoverlege, sokneprest, representantar frå lensmannsetaten, sivilforsvaret, heimevernet (HV-09), Fusa Kraftlag, Røde Kors og Fusa frivilligsentral.

Samarbeidsforum

Beredskapsrådet skal fungera som eit forum for informasjon og drøfting, medverka til å klargjera ansvars- og rolledeling og styrkja samarbeidet på tvers av etats- og forvaltningsgrenser. Målet er best mogleg samarbeid til beste for innbyggjarane i Fusa. Rådet vert leia av ordføraren i Fusa kommune og møtest ein gong i året.

Fungerande lensmann Jarle Matre, brannsjef Gunnar Hatlelid og kommuneoverlege Klaus Melf diskuterer krisekommunikasjon. - Klikk for stort bileteFungerande lensmann Jarle Matre, brannsjef Gunnar Hatlelid og kommuneoverlege Klaus Melf diskuterer krisekommunikasjon.

Ei utvida utgåve av beredskapsrådet var med på å utarbeida heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse for Fusa kommune (KommuneROS Fusa) i 2014-2015. Fusa Kraftlag har regelmessige øvingar saman med kommunen. Nødetatane eller "blålysetatane" brann, politi, lege samarbeider i det ordinære hjelpeapparatet. Dei nyttar seg òg av frivillige frå Røde Kors t.d. ved leiteaksjonar. Saman med prest  og kommunale fagfolk er politi og lege òg med i det psykososiale kriseteamet i Fusa som tilbyr oppfølgingshjelp ved ulukker og brå død. 

Fokus på dei frivillige

Eit viktig tema på dette møtet i beredskapsrådet var dei frivillige - kven er dei og kva kan dei hjelpa til med? Hordaland Røde Kors inngjekk i fjor beredskapsavtalar med dei fleste kommunane i Hordaland, m.a. Fusa. På møtet deltok seksjonsleiar for beredskap Håkon Larsson-Fedde og John Skjørestad. Dei informerte om korleis Røde Kors jobbar med sine frivillige, og kva kommunane og andre etatar bør hugsa på når dei ber Røde Kors om assistanse. 

F.v. Larsson-Fedde og John Skjørestad (med ryggen til) - Hordaland Røde Kors, Bodil Samnøy - Fusa frivilligsentral, Beate Reigstad - Hordaland sivilforsvarsdistrikt og Terje Raunsgard - kommunal kriseleiing. - Klikk for stort bileteF.v. Larsson-Fedde og John Skjørestad (med ryggen til) - Hordaland Røde Kors, Bodil Samnøy - Fusa frivilligsentral, Beate Reigstad - Hordaland sivilforsvarsdistrikt og Terje Raunsgard - kommunal kriseleiing.

Larsson-Fedde understreka òg kor viktig det er å driva førebyggjande arbeid og kor viktig det er at kvar enkelt innbyggjar tenkjer på eigenberedskap. Hordaland Røde Kors har difor laga 16 beredskapsvettreglar for folk flest.

Meir beredskapsinformasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30