Aktuelt frå kommunen

Mobbeombod i Hordaland

Mobbeombodet i Hordaland Mari-Kristine Morberg - Klikk for stort bileteMobbeombodet i Hordaland Mari-Kristine Morberg

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, rettane til barnet og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på

  • telefon: 404 01 557
  • e-post: mobbeombod@hfk.no

Du kan følgja ombodet på:

Les meir:

Du kan lesa meir om ombodet og kva ho kan hjelpa deg med på www.hordaland.no/mobbeombod.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.08.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30