Aktuelt frå kommunen

Mitt nabolag i Torsdagsakademiet

Fotomontasje Mitt nabolag - Klikk for stort bilete

I Fusa folkebibliotek er Torsdagsakademiet tilbake med ein ny sesong. Vi startar med ei reise til fjerne strøk torsdag 25. januar kl 19.00. Den norske fiolinisten, fotografen og historieforteljaren Christian Stejskal skal ta oss med på si reise frå Wien til Aksum i Etiopia og sitt opphald hos zabaleenarane i «Garbage city» i Kairo. Det blir ei eineståande multimediaforteljing i ord, bilete og musikk.

 

"Mitt nabolag" er ei forteljing om pilegrimsferda som gjekk føre seg til fots, frå fødebyen Wien, via Jerusalem og til den heilage byen Aksum i Nord-Etiopia. Undervegs på denne reisa møtte Stejskal zabaleenarane, Kairo sine uoffisielle, kristne, søppelarbeidarar i «Garbage City».


Ei personleg og fargerik reise


Christian Stejskal - Klikk for stort bilete Då pilegrimsferda var over, flytta Stejskal inn i denne søppelbyen, der han budde saman med zabaleenarane medan han livnærte seg som  fiolinist ved operaen i Kairo. I programmet blir publikum tatt med på ei fargerik og personleg reise der vi får sju forteljingar om sju ulike lagnader frå søppelbyen. Rikt illustrert med fotografi og eit lydbilete av Christian Stejskal sjølv, der han framfører både arabisk musikk og eigne komposisjonar på fiolin. Stejskal har synt programmet mange stadar i verda og er for tida på turné i Hordaland.

Vidare program

Neste kveld reiser vi til meir heimlege trakter når Olli Lilletvedt kjem for å læra fusingane meir om bringedukar frå Hardanger. Gruppa Smooth Operators frå Osterøy står for vårens musikalske innslag med si blanding av konsert og kåseri om Bob Dylan og 60-tallet. Vårsesongen vert avslutta med eit «festspill-vorspiel». Dette er eit arrangement som peikar mot Festspillene i Bergen og deira urpremiere av stykket «Andvake», basert på den prisvinnande trilogien til Jon Fosse.

Torsdag 22. februar kl. 19. «Bringedukar frå Hardanger» Biletforedrag med Oli Lilletvedt. I samarbeid med Fusa husflidslag.
Onsdag 7. mars kl.19 Konsert med Smooth Operators.
Torsdag 26. april kl.19 «Festspill-vorspiel» Foredrag om Jon Fosse i samband med teaterpremieren på skodespelet «Andvake»

Inngang på alle arrangement er kr 100,- og det er enkel servering.
 
Vel møtt!
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 19.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30