Aktuelt frå kommunen

Minnemedalje til Kristian Solvang

Kristian Solvang (t.v.) får utdelt minnemedalje av ordførar i Skedsmo kommune Ole Jacob Flæten. - Klikk for stort bilete

Kristian Solvang er tildelt regjeringa sin Minnemedalje for sin krigsinnsats under 2. verdskrig. Solvang var med i ei lokal milorggruppe som tok i mot allierte flyslepp i Fusa vinteren 1944/1945, og tok del i millitære operasjonar i fredsdagane 1945. Han fyller 90 år i dag 7. januar 2016.

Kristian Solvang er født og oppvaksen i Hålandsdalen. Han er i dag busett på Strømmen i Skedsmo og det var ordførar i heimkommunen Skedsmo, Ole Jacob Flæten, som overrekte medaljen på sitt kontor på Lillestrøm 21. desember.

Innstilt av Fusa kommune
Minnemedalje - Klikk for stort bilete Minnemedaljen er innstifta i 2015 av den norske regjeringa i samband med 70-årsminnet for freden. Fusa kommune fremja Kristian Solvang som kandiat til medaljen hausten 2015. I si innstilling til Fylkesmannen i Hordaland seier Fusa kommune at det er godt dokumentert at Kristian Solvang, med fare for eige liv, har teke del i kampen mot aksemaktene og at han dermed fyller kriteriene til minnemedaljen. 
 
Lokal milorggruppe
Kristian Solvang, født 7. januar 1926, tok i ein alder av berre 18 år del i ei lokal milorggruppe som vart etablert hausten 1944 og som var aktiv fram til fredsslutninga. Dei andre som var med i gruppa er i dag gått bort.
 
Milorggruppa vart leia av Kompani Linge-soldat Jostein Nesheim. Neseim var opphavleg frå Eksingedalen. Han hadde teke seg over til England, der han fekk millitær trening og vart ein del av den britiske militære avdelinga The Norwegian Independent Company, populært kalla Kompani Linge. Nesheim kom til Hålandsdalen hausten 1944 og organiserte den lokale milorggruppa som var med på å ta i mot tre flyslepp i fjellheimen vinteren 1944-1945. Pur unge Kristian Solvang var med under sjølve flysleppa og tok del i arbeidet med å transportera ut materiellet som kom med flysleppa. Han var også med i ein tropp, under leiing av fenrik Jostein Nesheim, som var med å sikra brua i Tysse og kraftstasjonen på Frøland i Samnanger i dei siste dagane av krigen.

Dokumentasjonen
Hendingane er godt dokumenterte i boka «Verda inn over dørstokken – Krigsminne frå Fusa», 1995. Hendingane er også skildra i ny bok "Saborg", som kom ut hausten 2015. Det er sett opp minneplater på tre ulike stader i fjellheimen nord for Eikelandsosen for å heidra dei som var med og minna om dei dramatiske hendingane frå krigsåra.

Kristian Solvang fyller 90 år i dag 7. januar og Fusa kommune gratulerer, både med dagen, og tildelinga av regjeringa sin Minnemedalje.
 
Minneplate for 2. verdskrig på Stemmefjellet - Klikk for stort bilete
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30