Aktuelt frå kommunen
Syklistar i Fusa | Fotograf: Gunnar Hansen
Syklar ved Skjelbreidvatnet fotograf Gunnar Hansen

Miljøprisen for Hordaland 2012

Har du forslag til kven som bør få Miljøprisen for 2012? Prisen skal vera til heider og stimulans for enkeltpersonar, lag og organisasjonar, bedrifter m.v. som har utmerka seg innanfor miljøvernarbeidet. Hordaland fylkeskommune ønskjer forslag til kandidatar innan 1. januar 2013

Miljøprisen har vore delt ut årleg sidan 1992. Prisen er på kr 50 000. Miljøprisen for 2012 skal delast ut i starten av 2013.

Prisen for 2011 vart tildelt prosjektet "Bærekraftig liv på Landås".

Meir informasjon om prisen finn du i annonsa frå Hordaland fylkeskommune (PDF, 45 kB). Du kan òg ta kontakt med rådgjevar Stina E. Oseland ved Klima- og naturressursseksjonen i Hordaland fylkeskommune - tlf 55 23 91 45, epost: stina.oseland@hfk.no


Kom med forslag!

Alle kan koma med forslag til priskandidatar. Forslaget må vera grunngjeve. Det må merkast "Miljøprisen 2012, Ref: 201209127". Fristen for å koma med forslag er 1. januar 2013.

Send forslag

  • på epost til sentralarkivet@hfk.no

  • som brev til Hordaland fylkeskommune, Sentralarkiv, PB 7900, 5020 Bergen


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.12.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30