Aktuelt frå kommunen

Migrasong i Strandvik grendahus

Reidun Horvei - Klikk for stort bilete

Etter turnéar i Hordaland og Amerika, kjem Reidun Horvei og framsyninga "Migrasong" no til Fusa og Strandvik grendahus onsdag 12. september kl 19.00. Programmet er ein del av Kystsogevekene i Hordaland.

"Migrasong" handlar om 16 år gamle Oline som søkjer lukka i Amerika på slutten av 1800-talet. På Amerikabåten treff ho radværingen Ananias, og den musikalske forteljinga skildrar kjærleiksforholdet mellom dei, men også sakn og tragediar.

Bygd på folketonar

Musikken i framsyninga er bygd på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå Noreg, og dei nye songane som oppstod og vart skrivne i Amerika kor dei slo seg ned. Tekstane var fulle av lengsle og draumar, om det livet som var levd og fantasien om deira nye tilvære. 

Reidun, Øyvind og Per Inge

Fylkesmusikaren og folkesongaren Reidun Horvei frå Voss er den sentrale formidlaren i framsyninga, som ho òg har skrive sjølv, men ho er ikkje åleine på scenen. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove, som òg er med i Migrasong, har laga arrangementa og akkompagnerer Reidun. I tillegg til song og musikk er framsyninga ei biletreise i tid og rom med historiske foto frå norsk utvandringshistorie

Fusa-venen

Mange vil kjenna Reidun Horvei frå tidlegare konsertar og kursverksemd. Reidun har samarbeida med fleire kor i Fusa og har eit stort kontaktnett i kulturlivet i kommunen. 

Etter programmet vert det enkel kaffimat og publikum vert inviterte til å dela «amerika-minne» og historier om utvandring. Inngang er kr 200,-. Born går gratis. Det er mogeleg å betala med Vipps.

Koret Takt og tone er teknisk arrangør i samarbeid med Fusa kommune og Hordaland fylkeskommune. Arrangementet har fått tilskot frå Sparebanken vest.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30