Aktuelt frå kommunen

Medaljar for lang og tru teneste

Ordføraren delte ut medaljar for lang og tru teneste til Borgny Berge (t.v.) og Johanna Sværen. - Klikk for stort bileteOrdføraren delte ut medaljar for lang og tru teneste til Borgny Berge (t.v.) og Johanna Sværen. Gro Elisabeth Almås

Borgny Berge og Johanna Sværen har fått Norges Vel si medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune. Begge hadde sin siste arbeidsplass i Tiltak for funksjonshemma. Fusa kommune gratulerer med velfortent heider!

Borgny Berge har vore tilsett i Fusa kommune i vel 41 år og starta på Fusa sjuke- og aldersheim på Skjørsand. Johanna Sværen har vore tilsett i kommunen i 30 år. 

F.v. Borgny Berge, ordførar Atle Kvåle og Johanna Sværen. - Klikk for stort bileteF.v. Borgny Berge, ordførar Atle Kvåle og Johanna Sværen. Gro Elisabeth Almås

Det Kongelige Selskap for Norges Vel har sidan 1888 tildelt Medaljen for lang og tru teneste for å synleggjera og verdsetja innsats i arbeidslivet. Berge og Sværen sin innsats vart markert på ei samkome 16. juni 2016 på aktivitetssenteret i Fusa vgs-bygget i Eikelandsosen. Ordførar Atle Kvåle delte ut medaljane og avdelingsleiar i Tiltak for funksjonshemma, Liv Elin Moen heldt takketale, opplyser einingsleiar i Pleie og omsorg Gro Elisabeth Almås.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30