Aktuelt frå kommunen

Med Stella under regnbogen

Biletkunstnar og illustratør Stella East - Klikk for stort bilete Dei siste vekene har skulane i Fusa hatt besøk av biletkunstnar og illustratør Stella East. Ho inviterte elevane i 1.-4. klasse med på regnbogeverkstad. Opplegget er del av Den kulturelle skulesekken (DKS). 

"Med Stella under regnbogen" er tittelen på turneen. Elevane fekk vera med på måleverkstad, der dei fekk innføring i måleteknikk og fekk oppleva korleis ein kan få fargane til å gå over i kvarandre.

Rektor på Eikelandsosen skule, Olav Aarvik, melder om stort engasjement hjå dei unge kunstnarspirene. Dette var spennande og kjekt!

To ivrige målarar i aksjon på Eikelandsosen skule - Klikk for stort bilete

 

Under regnbogen - Klikk for stort bilete

 

Mange fargesterke regnbogemåleri - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.11.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30