Aktuelt frå kommunen

Mange saker til kommunestyret 16.2.

Ei hand slår i bordet med ei møteklubbe. Foto. - Klikk for stort bilete

Kommunestyret har møte torsdag 16.2. kl. 16 i det kommunale Aktivitetssenteret på Fusa vgs i Eikelandsosen. Saker om detaljregulering av fleire nærings-, bu- eller hytteareal skal opp til behandling, slik som Vinnesbruddet, Sævareid fiskeanlegg og sentrum, Skåtaklubben, Naustdalen og Lauvfjellet. 

Andre tema er orientering om tømmerkai, behandling av planstrategi og Fusa kommune sin eigarskap i ulike selskap. 

Vidare er det saker om status for busetjing av flyktningar, tiltak mot kommunal korrupsjon og justering av renovasjonsgebyra. Og framleis står det fleire saker på lista, sidan innkallinga er på nesten 600 sider. Den fulle oversikten får du i sakspapira.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 14.02.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30