Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Olav Aarvik
Månefablar i ein blå lavvo fotograf Olav Aarvik

Månefablar på fusaskulane

Teatergruppa "Dukkenikkerne" har turnert på fusaskulane siste veka med framsyninga "Månefabler". Stykket er eit møte mellom biletkunst og figurteater, og det har gitt elevane noko å grubla, fantasera og fabulera over. Ei flott forestilling, lyder tilbakemeldingane. Teaterframsyninga er del av Den kulturelle skulesekken.

Framsyninga for 1.-4. klasse er inspirert av Hanne Grete Einarsen sine måleri, og skulane fekk tilsendt bilete på førehand som elevane skulle studera og fabulera rundt.

Elevane fekk møta to menn i kvart sitt hus på kvar si side av ein brei fjord, og månen som spegla seg i den stille fjorden. Det var tid for historier. "Bli med ein kveld i måneskinn, sjå og høyr sjølv," lydde oppmodinga frå "Dukkenikkerne".

Ein blå lavvo

Så vart det bygd ein stor, blå lavvo og elevane vart inviterte inn og med på ei ferd som etter kvart flytta seg inn i det magiske rommet. Musikken set stemninga, og saman med handdokkene Aldor og lo, dei rosa revane, månefuglen og den kvite reinen vart det fortalt historier og fablar under månen.

Elevane vart dregne med i forteljinga - ei forteljing utan ord. Tilbakemeldingane er positive: "Eit engasjerade dokkedrama. Ei spennande reise. Ei flott forestilling. Det var tydeleg at elevane var med. Kanskje var det ekstra spennande å måtta finna orda sjølv?"

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.09.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30