Aktuelt frå kommunen

Magisk solkafé på Søre Fusa oppvekstsenter

Spektakulære himmelfenomen - Klikk for stort bilete

Solformørkinga sto i fokus på Søre Fusa oppvekstsenter fredag. Skyer var inga hindring: Cafe Eclipse i vestibylen viste solformørkinga på Svalbard på storskjerm og serverte solmat og soldrikke.  

Rektor Britt-Mari Gjerde har laga denne rapporten frå Cafe Eclipse på Søre Fusa oppvekstsenter:

"Den lenge omtala solformørkinga sto i fokus på Søre Fusa Oppvekstsenter i dag. Elevane hadde lenge snakka om dette fenomenet. Det hadde vore tema på morgonsamlingane og i klassane dei siste vekene. Briller til bruk for å studera himmelfenomenet låg klare. At vêrgudane ikkje var på vår side i dag, fekk våga seg. Overskya og regnvêr sette ingen stoppar for den magiske opplevinga ei solformørking kan vera.

I vestibylen var det opna ein kafe: Cafe Eclipse som viste solformørkinga på Svalbard på storskjerm. Cafe Eclipse serverte soldrinkar med solsugerør i og ei solklementin til kvar. Solformørkingsquiz gjorde ventetida kort.

Gjennom vindauga observerte vi at det vart mørkare ute ei kort stund. Det var underleg stille. Dei nyinnkjøpte brillene måtte testast – dei som ville fekk gå ut og ta ein kikk gjennom brillene. Kafégjestane såg lite eller ingenting gjennom brillene. Konklusjonen var at brillene gjorde det dei var meint for – dei stengde farleg lys og stråling ute. Det var ikkje mykje spanande å sjå her på Baldersheim, men på storskjermen følgde vi hendingane på Svalbard.

Jubelen sto i taket då vi såg Diamantringen som den siste perla som lyser før månen dekte sola heilt. Det vart heilt mørkt på skjermen. Etter få sekund såg vi ein «eksplosjon» av lys, då sola sin korona og kromosfære viste seg. Dette var eit mektig syn og utløyste stor undring rundt borda i Cafe Eclipse. Vi såg solfaklar bli slyngde ut – akkurat slik vi hadde lese og høyrt om på førehand.

Engasjementet rundt Solformørkingsquizen var stort – kunnskapen likeså. Dommarane fekk ein hard jobb med å skilja dei fem laga. Ein vinnar vart kåra og premiert. Trass i gråvêr og dårleg sikt, vart markeringa ved oppvekstsenteret ein dag for minneboka. Cafe Eclipse opnar dørene att ved neste store solformørking, rundt år 2060." 

Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter
Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Irmelin, Linn Marie, Miriam, Mia, Therese, Robin, Eivin, Frode og Jørgen vann solquizen. | Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter Fotograf: Søre Fusa oppvekstsenter
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30