Aktuelt frå kommunen
restaurert_maria_m._jesusbarnet-portrett.jpg
Restaurert Maria med Jesusbarnet i Holdhus kyrkje
Fotograf: Arnfinn Christensen, Forskning.no
Madonnaskulpturen i sandstein er truleg frå første halvdel av 1400-talet fotograf Arnfinn Christensen, Forskning.no
Retusjert Holdhusmadonna framanfrå
Holdhusmadonnaen

Madonna, måleri og musikk i sommar-Fusa

Det er mykje å sjå og oppleva i sommar-Fusa. Fastbuande og tilreisande kan få med seg unik kyrkjekunst i Holdhus kyrkje, måleriutstillingar i Glasgato i Kommunetunet og på Engevik Gaard, sommarkonsertar på Eikhaugen Gjestegard og kystkulturdagar under Kystsogevekene.

Du finn oppdatert informasjon om kulturarrangement i Fusa i Kulturkalenderen.


Holdhusmadonnaen

Holdhus kyrkje er open for omvising gjennom heile sommaren dagleg bortsett frå måndag, kl 11-17. Les meir om den unike Holdhusmadonnaen hjå:


Måleri

Det er sommarutstilling med lokale kunstnarar i Handelslaget i Strandvik. I Glasgato i Kommunetunet kan ein sjå bileta til Raul Jesus med norske landskap i akryl, medan Engevik gaard har ei sommarutstilling med bilete av bergens-kunstnaren Bodil Friele.


Musikk og kystkultur

Eikhaugen gjestegard har intimkonsertar på Høyloftet i sommar med Thor Thorsen 21. juli og Nathalie Nordnes 3. august.

På tampen av sommaren vert det markering av Kystsogevekene med kystkulturdagar både på Holsund, Engevik og Vinnes.


Snarvegar:

For meir informasjon om arrangement og opningstider sjå elles

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.07.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30