Aktuelt frå kommunen

Lysande idear i Kommunetunet

God stemning rundt varden. - Klikk for stort bilete

Denne veka kom det på plass ei ny flott "kollektivutstilling" i Glasgato i Kommunetunet. Utstillinga "Lysande idear" viser over 20 lampar som er re-designa av VG1 elevar på studiespesialisering med formgiving på Fusa vidaregåande skule. 

Sitat i utstilling om redesign - Klikk for stort bilete

Lærarane Annbjørg Håland Riise og Anja Tveiterås gav klassen i oppdrag å bruke ein gammal lampe og/eller andre brukte materiale til å skape ein unik lampe.

I faget "design og arkitektur" er både idéutvikling, kreativitet, funksjonalitet og estetikk viktige faktorar. Ved å fokusere på redesign får elevane mogelegheit til å skapa personelege og originale produkt som det ikkje finnes meir ein ein av, i tillegg er tanken om at me kan bruka tinga våre om igjen på nye måtar i staden for å kaste og forbruke viktig med tanke på ei meir bærekraftig framtid. 

 

Amalie Holmefjord med kunstnerisk lampe - Klikk for stort bilete Amalie Eikeland Holmefjord hadde lyst til å lage ein lampe med eit bodskap, ho ville gjerne formidla at me må ta betre vare på miljøet vårt; i arbeidet tok ho i bruk både toppen av familiens gamle juletre, ein litt utdatert lampe, avisutklipp og ein atlas i frå bruktbuo til å formidla bodskapen sin. 

Kunstverket "Hippien" av Astrid Vangdal - Klikk for stort bilete

"Varden" er laga av Karina Åsvang Nordtveit - Klikk for stort bilete

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30