Aktuelt frå kommunen

Lygre på DNS og i Torsdagsakademiet

Arne Lygre - Klikk for stort bilete

Laurdag 9. mai debuterer Arne Lygre med stykket "Ingenting av meg" på Den nationale scene. 7. mai kan du møta den internasjonalt kjende dramatikaren i Torsdagsakademiet. Han har skrivestove og sterke slektsrøter i Lygrepollen .

Det er stor stas å invitera til eit møte med Arne Lygre i Torsdagsakademiet to dagar før debuten i Bergen. Lygre er kanskje den mest kjende norske samtidsdramatikaren ved sida av Jon Fosse og blitt spelt mykje i utlandet. Han fekk Ibsenprisen i 2013.

Internasjonal - men ikkje i Bergen
Stykket som no står på speleplanen til DNS, "Ingenting av meg", hadde sin urpremiere i Stockholm. Sjå fyldig omtale av stykket og Arne Lygre i brosjyre frå DNS (PDF, 151 kB). Andre stykke av Lygre er blitt spelt på andre scenar i Noreg og i ei rekkje land som Danmark, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Brasil, men altså først no i fødebyen Bergen!

Bragepris
Lygre er også skjønnlitterær forfattar og fekk Brageprisen for debuten og novellesamlinga "Tid inne" i 2004. Arne Lygre er oppvaksen i Bergen, men har sterke slektsrøter i Lygrepollen og har også ei skrivestove i Lygre.

Torsdagasakademi
Du kan møta Arne Lygre i Torsdagskademiet i Kommunetunet, Eikelandsosen, torsdag 7. mai kl 19.00. Inngang kr 100,- med enkel servering. Arrangør er Fusa folkebibliotek.

Teatertur
Dei som er nysjerrige på "Ingenting av meg" kan bli med Torsdagsakademiet på teatertur tysdag 12. mai. Gruppeprisen er 260 kroner per person så framt ein blir 15 i gruppa. Ordinær billett er 320 kroner. Interesserte må melda seg før tysdag 5. mai kl 12.00 til erik.vangsnes@fusa.kommune.no event tlf 47277146. Ved behov kan ein avtala samkøyring.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.05.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30