Fusaniste
Målet med "Fusanisto" er at elevane gjennom skuletida si skal verta kjende med den lokale kulturhistoria i heile kommunen og med gamle handverkstradisjonar - og slik få med seg ei god "fusaniste" når dei er ferdige med skulegangen.
Leirskule
Det heile vert avslutta i 7. klasse med ei eiga "fusaveke" på Hålandsdalen leirskole. Fusaelevane skal i år ha si leirskuleveke 21.-25. september. Det vert ei veke full av opplevingar og med rikt innhald både av lokal kulturhistorie, natur og friluftsliv. Dei har alt vore på informasjonsdag på leirskulen, 3. september.
Fornminnedagar
I neste veke er det klart for fornminnedagar med instruktørar frå Hordamuseet. 16. september skal alle 4. klassingane samlast i Samnøy. Tida frå steinalder til bronsealder er i fokus, og elevane får delta på mange spennande aktivitetar frå farne tider.
17. september reiser alle 5. klassingane til Strandvik og tilbake til perioden frå jarnalder til vikingtid. Også denne dagen står varierte, tidstypiske aktivitetar på programmet.
Baking, byggeskikk og bygdesenter
På aktivitetsdagen i Eidegrend klyngjetun fekk lydhøyre 6. klassingar læra litt om korleis Eide har endra seg frå lita grend til kommunesenter og tilbake til lita grend i løpet av ein 75-årsperiode. Dei fekk sjå, høyra og oppleva korleis livet var i eit klyngjetun, og dei fekk læra om byggeskikk. Kva vart dei ymse husa brukte til? Kva er lafting, grindverk og sveitsarhus? Kor mange ulike typar skifertak finn dei i klyngjetunet?
Ein aktivitetsdag skal ikkje minst innehalda aktivitetar, og denne dagen fekk elevane prøva seg både på lefsebaking, toving og modellhusbygging. Kjevling og steiking gjekk føre seg i eldhuset under kyndig rettleiing av hjelpekvinnene Norunn Rød Markhus, Camilla Aarseth og Astrid Rød. Ingrid Brekke rettleidde elevane i toving. I løa fekk dei prøva seg på dugnadsarbeid: Å lafta eit stovehus og byggja ei grindverksløe - i form av modellbyggesett laga av Johannes Ryland. Tunverten sjølv, Margun Eide, synte rundt i husa.
Frå klyngjetunet til Eidestøa
Gjennom ein kultursti med 10 postar fekk elevar og lærarar med seg ei kulturhistorisk vandring frå brevhuset og folkebiblioteket i Eidegrend klyngjetun, forbi telefonstasjon og likningskontor, via Hålandsdalen kyrkje til båtstøa, landhandelen, kommunestyresalen og jordmorbustaden i Eidestøa.
Husmenn og offiserar
Til våren står husmannsliv, dansketid og offisersliv på programmet. 28. april møtest 5. klassingane til husmannsdag i Vinnesholmen og 11. mai er det aktivitetsdag på Engevik Gaard for 6. klassingane.
Fusa kommune vil takka både eigarane av kulturminna og alle dei gode hjelparane som gjer det mogleg å gjennomføra "Fusanisto"!