Aktuelt frå kommunen

Lokal poesikveld i biblioteket

Bibliotek  - Klikk for stort bilete

Fusa folkebibliotek inviterer til lokal poesikveld i Torsdagsakademiet 26. januar med både musikk, kunst og lyrikk. Vårprogrammet byr elles både på konsert med Tom Roger Aadland og kåseri om den store oselvarboka .

Torsdagsakademiet opnar vårprogrammet med ein poesikveld 26. januar med tittelen "Lysande ord i mørket". Vi får møta to lokale lyrikarar Tove Rolland og Ingvar Nistad.

Tove Rolland er aktuell med ny bok "Mellom sol og skygge", som kom i haust. Torsdag får du også høve til å sjå illustrasjonane til boka, laga av Heidi Skår Dale. Idar Rolland bidreg med musikalske innslag og programmet vert leia av Terje Raunsgard.


Programstart er kl 19.00. Inngang kr 100,-. Enkel servering

Dei neste datoane i Torsdagsakademiet vert:

16. februar Tom Roger Aadland speler Dylan "Blondt i blondt"
23. mars Kjell Magnus Økland kåserer om boka 
"Oselvar - den levande båten".

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 24.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30