Aktuelt frå kommunen

Lokal markering av seniordagen 2016

Plakat for Seniordagen 2016 - Klikk for stort bilete

Onsdag 28. september klokka 17.00 vert den internasjonale seniordagen markert i Eikelandsosen bedehus. Arrangørane byr på eit rikhaldig program med både kåseri, song, dans og informasjon om ulike seniortilbod.

Kva skjer?

Det vert helsing frå ordførar Atle Kvåle og song ved Strandvik blandakor. Herleiv Rolfsnes kåserer om teatermannen Ingjald Håland. Fusa seniordans har oppvising. Terje Brekke og Harald Tombre spelar.

I tillegg lovar arrangørane allsong, loddsal og matøkt.

Informasjonsstands

Følgjande lag og tilbod presenterer seg: Frivilligsentralen, diabetes- og KOLS-teamet, Fusa demensforening, Eikelandsfjorden pensjonistlag og Fusa senioruniversitet.

Inngangspengar

Arrangementet kostar kr 200 pr. person. Medlemer av senioruniversitetet betaler kr 150.

Sjå plakat! (PDF, 84 kB)  

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30