Aktuelt frå kommunen

Lokal bokkveld i biblioteket

Biblioteksjef Trine Rikheim Pete og fagbokforfattar Ella Marie Brekke Vangsnes - Klikk for stort bilete

I Torsdagsakademiet 22. november kl 19 vert du presentert for årets lokale bøker. Ingvar Nistad kjem med ny diktbok og Ella Marie Brekke Vangsnes har skrive bok om Eide Fjordbruk. Musikalsk gjest er Frida Anda Vangen.

Ingvar Nistad kjem i haust ut med si tredje diktsamling, «Under Säfstaholmen». Hjå forlaget hans Samlaget står det å lesa: «Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.» Torsdag er det heilt sikkert Ingvar Nistad som har ordet og han vil lesa frå den nye boka. 

Ella Marie Brekke Vangsnes har i år skrive bok om og for Eide Fjordbruk; «Frå jord via vatn til sjø – Eide-familien og oppdrettseventyret 1917-2017». Med seg på laget har ho hatt formgjevar og illustratør Anja Tveiterås, og resultatet har blitt ei praktbok som blir presentert på bokkvelden torsdag. 
 
I tillegg vert det denne kvelden musikalsk innslag av Frida Anda Vangen. Frida stiller denne kvelden åleine med gitaren, men har til dagleg også eit band i Bergen. Ho lagar muskken sjølv i sjangeren folk/pop.
 
Som vanleg vert det enkel servering. Inngang kr 100. Arrangør er Fusa folkebibliotek.
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30