Aktuelt frå kommunen

Liten nedgang i folketalet

Åtte postkassar i eit stativ. Foto. - Klikk for stort bilete Det vart fire færre fusingar i andre kvartal i 2016. Fusa har dermed eit offisielt folketal på 3886 innbyggjarar. Dette viser dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå over kvartalsvise endringar i folketalet i kommunane. 

Utflytting

Det vart fødd like mange som det døydde, 7 personar, slik at fødselsoverskotet var lik null. Tre personar innvandra til Fusa frå utlandet og to utvandra, men det flytta fleire frå Fusa til andre kommunar i Noreg - 26 personar - enn til Fusa - 21 personar. Dermed viser statistikken ein negativ folkevekst på minus fire.

Auke hjå naboane

Folketalet auka i dei andre kommunane i nærområdet: Samnanger + 7 innbyggjarar til 2 465, Kvinnherad + 15 til 13 246 innbyggjarar, Tysnes + 22 til 2 819 og Kvam + 22 til 8 491 innbyggjarar. Austevoll auka med 33 innbyggjarar til 5 182 og Os med 147 til 19 980 innbyggjarar. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30