Aktuelt frå kommunen

Linda Kjosaas kjem ikkje til Torsdagsakademiet

Portrett Linda Kjosaas - Klikk for stort bilete Kvelden med Linda Kjosaas i Torsdagsakademiet er utsett på ubestemt tid. Grunnen er at Linda ikkje kjem seg frå Libanon i tide. Neste kveld i Torsdagasakademiet vert difor 19.11. med Tom Roger Aadland.

Tom Roger Aadland

Neste program i Torsdagsakemiet er med visesongar og rockepoet Tom Roger Aadland torsdag 19. november. Aadland gav ut plata "Rapport frå eit grensehotell" tidlegare i år og hausta svært gode kritikkar, "på grensa til det geniale" (Dagsavisen).

Han er også aktuell som omsetjar og rockepoet i framsyninga "Club 27", ein teaterkonsert ved Brageteateret i Drammen med musikk av Amy Winehouse, Janis Joplin, Jimi Hendrix og fleire unge døde legender i rocken. Aadland har etternamnet sitt frå Ådland i Fusa, men er vaksen opp i Vikebygd i Rogland.

Torsdagsakademiet held til i biblioteket sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen. Inngang kr 100,- med enkel servering.

Arrangør er Fusa folkebibliotek.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 03.11.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30