Aktuelt frå kommunen

Linda Kjosaas i Torsdagsakademiet

 Portrett Linda Kjosaas - Klikk for stort bilete Linda Kjosaas er gjest i Torsdagsakademiet 25. februar kl 19.00 i Fusa folkebibliotek. Tema for kvelden er arabisk litteratur. Kjosaas har dei siste åra omsett ei rekkje skjønnlitterære bøker frå arabisk til norsk. 

Linda Kjosaas er frå Eikelandsosen, men har dei siste åra budd i Libanon og jobba for Unicef. Ho er no tilbake i Fusa og tilsett i vikariat som koordinator for flyktningetenesta.

Linda har tidlegare studert i Egypt og budd i periodar både i Somalia, Jemen, Bahrein og Syria, der ho har jobba for ulike hjelpeorganisasjonar. Ei tid var ho universitetslektor i Bergen og underviste i arabisk mediespråk og litteratur.
 
Opp i alt dette er Linda Kjosaas omsett ei rekkje skjønnliterære bøker. I fjor kom den vesle kortprosaboka «Fullblods hester» av den syriske forfattaren Osama Alomar. I 2015 var ho aktuell som omsetjar av ei ny bok av egyptiske Alaa Al-Aswany, om «Den kongelige egyptiske automobilklubben». Frå før har ho omsett tre romanar av Aswany som vert rekna som den største nolevande romanforfattaren i Egypt.
 
I Torsdagsakademiet vil vi få smakebitar frå tekstar og det vert samtale om arabisk språk og litteratur. Som vanleg er det inngang kr 100,- og enkel servering. Arrangør er Fusa folkebibliotek som held hus i Kommunetunet på Leiro i Eikelandsosen.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.02.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30