Aktuelt frå kommunen

Legevaktsnummer 116117 fungerer igjen

Illustrasjon teknisk feil med telefon. - Klikk for stort bilete

Delar av det siste døgnet har det i vårt distrikt vore problem med å nå legevakta via det nasjonale legevaktsnummeret 116117. Feilen er funnen og problemet er løyst slik at nummeret igjen er operativt laurdag ettermiddag, melder avdelingsleiar Terese Bodin-Hetland ved Brann, redning og legevakt i Os kommune.

Mellombels legevaktnummer oppretta i Fusa laurdag 25.03 er teke ut av drift. 

Vi rår til at du nyttar høve til å gjera deg kjent med kva nummer du kan ringja om ulukka skulle vera ute.

Publisert av Ottar Midtrød. Sist endra 25.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30