Aktuelt frå kommunen

Legevakt og legekontor flyttar inn på Leiro i Eikelandsosen

Tilsette ved Eikelandsosen legekontor flyttar inn i nye lokale på Leiro - Klikk for stort bileteTilsette ved Eikelandsosen legekontor flyttar inn i nye lokale på Leiro Anne Skagseth

Frå og med fredag 1. november klokka 16 er legevakta i Fusa på plass i nye lokale i 1. etasje i nybygget ved Fjord'n Senter, på adresse Leiro 33. Inngangen er på same side som den nye hovudinngangen til senteret, frå parkeringsplassen som ligg bak mot hovudvegen. Eikelandsosen legekontor opnar i dei nye lokala same stad måndag morgon 4. november.

Eikelandsosen helsesenter byter namn til Eikelandsosen legekontor i samband med flyttinga. Adressa blir Leiro 33. Legevakt og legesenter har felles inngang med dei kommunale kontora som ligg i 2. etasje i nybygget på Leiro. 

Desse møter du på Eikelandsosen legekontor

På biletet over f.v. helsesekretærvikar Anne-Linn Eikeland Hansen, lege Ingunn Glenjen, lege Karoline Tombre, sjukepleiar og fagleiar Anne Øvreberg og helsesekretær Desiree Lenz.

Dei tilsette gler seg til å ta i bruk dei nye lokala og ønskjer pasientane velkommen på måndag. 

Tilsette ved legekontoret og gode hjelparar utanfor dei nye lokala på Leiro - Klikk for stort bileteTilsette ved legekontoret og gode hjelparar utanfor dei nye lokala på Leiro Anne Skagseth

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.11.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30