Aktuelt frå kommunen
Celso Dominguez, May-Lis Finne Rød, Anne Strøm og Camilla Hovig med den avanserte Lifepak 15-maskina, som både fungerer som hjartestartar og måler blodtrykk, EKG, SpO2 mm | Fotograf: Fredrik Thorsen
Celso Dominguez t.v. er frå 1. juli fast på Eikelandsosen helsesenter. Her saman med May-Lis Finne Rød, Anne Strøm og Camilla Hovig. fotograf Fredrik Thorsen

Legetenesta samlokalisert frå 1. juli

Legetenesta i Fusa vert frå 1. juli samla i Eikelandsosen helsesenter. Legekontoret på Fusatun vert lagt ned frå same dato. Både legevakt og alle fastlegane har kontora sine i Eikelandsosen helsesenter.

Samlokaliseringa vil styrkja legetenesta og gje meir kontinuitet.

Vi ønskjer Celso Dominguez velkommen som fastlege ved Eikelandsosen helsesenter, og håpar både han og pasientane hans vil finna seg vel til rette her!

Celso Dominguez vil vera å treffa ved Eikelandsosen helsesenter på dei faste kontordagane sine: Måndag, onsdag og fredag.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 29.06.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30