Aktuelt frå kommunen

Ledige flyktningeoppdrag

Illustrasjonsfoto frå Trondheim kommune - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto frå Trondheim kommune

I samband med busetjing av sju einslege mindreårige flyktningar, har Fusa kommune fleire ledige oppdrag som fosterheim, besøksheim, støttefamilie og støttekontakt/treningskontakt. Vil du vera med å gjera ein forskjell for desse barna/ungdommane? 

Bufellesskap og fosterheim

Fusa kommune skal i 2016 busetja sju einslege mindreårige flyktningar. Fem av desse barna skal bu i bufellesskap i Fusa kommune, medan to av barna skal busetjast i fosterheim. "Kommunen har fått over 70 søkjarar til dei utlyste stillingane i bufellesskapet," opplyser einingsleiar for Helse, familie og velferd Anne Skagseth

Ledige oppdrag

I samband med busetjing av sju einslege mindreårige flyktningar, har Fusa kommune fleire ledige oppdrag som fosterheim, besøksheim, støttefamilie og støttekontakt/treningskontakt. Vil du vera med å gjera ein forskjell for desse barna/ungdommane? 

"Desse barna treng trygge vaksne som kan gje dei omsorg, men dei treng også anna form for hjelp og støtte," understrekar barnevernleiar Line Åsvang. I dette høvet har Fusa kommune bruk for oppdragstakarar til fleire ulike oppdrag:

  • Fosterheimar 
  • Besøksheimar til barn i fosterheim
  • Støttefamiliar til ungdom i bufellesskap
  • Støttekontaktar/treningskontaktar

Meir informasjon?

For meir informasjon om det å vera fosterheim:

Vil du vera med å gjera ein forskjell for desse barna/ungdommane, eller ønskjer du meir informasjon? Ta kontakt med:
  • Fusa kommune ved barnevernleiar Line Åsvang - telefon: 56 58 01 74 - e-post: lca@fusa.kommune.no
 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30