Aktuelt frå kommunen

Lars Amund Vaage i Torsdagsakademiet

Portrett Lars Amund Vaage (Oktrober forlag) - Klikk for stort bilete

Forfattaren Lars Amund Vaage opnar programmet i Torsdagsakademiet i 2016 med gjesting i Fusa folkebibliotek torsdag 28. januar kl 19.00. Vaage er frå Sunde i Kvinnherad. Dei neste programma vert med omsetjar Linda Kjosaas 25. februar og filmskapar Vigdis Nielsen 17. mars.

Kunstnarfamilie

Lars Amund Vaage (fødd 1952) er frå ein kjend kunstnarfamilie i Kvinnherad, barnebarn av Ragnvald Vaage og bror av komponist Knut Vaage. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er også gjendiktar. 

Grossist i prisar

Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år. For Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga. Romanen Syngja (2012) fekk strålande kritikkar. Vaage fekk Brageprisen, Nynorsk litteraturpris og blei nominert til Kritikerprisen for boka. No på nyåret er han aktuell med utgjeving av esssayboka «Sorg og song».

Framifrå stilist

Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist. 

Skapar debatt

Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiateren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.

I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Velkommen 28. januar!

Komande torsdag 28. januar kl 19.00 vil han snakka om forfattarskapen sin i Fusa folkebibliotek og særleg nyutgjevinga «Sorg og song». Det vert også høve til samtale med publikum. Inngangspengane er kr 100,- og det vert enkel servering med kjeks og kaffi/ te. Alle er velkomne!

 
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30