Aktuelt frå kommunen

Landbrukskonferansen 2016 på Voss

Kulturlandskap Skjørsand - Klikk for stort bilete

Fylkesmannen i Hordaland skipar 2.-3. februar til den årlege landbrukskonferansen for politikarar, kommunetilsette, bondeorganisasjonar m.fl. for å setja fokus på dagsaktuelle tema innan næringa. Påmeldingsfristen er 20. januar. 

Fylkesmannen si landbruksavdeling ønskjer velkomen til den årlege fylkeskonferansen, som i år vert arrangert på Park Hotel Voss 2.-3.f ebruar 2016.

Tradisjonen tru inviterer Fylkesmannen i Hordaland dei kommunetilsette, kommunepolitikarar, bondeorganisasjonar, rådgjevings- og forskingsinstitusjonar innan landbruk til to dagar med fokus på dagsaktuelle tema frå og for næring og forvalting.

Meir informasjon og påmeldingsskjema finn du på Fylkesmannen si nettside.

NB! Påmeldingsfrist: 20. januar.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30