KV Tor ankra opp ute i fjorden, og kom med lettbåt og henta 3.-7.trinn som sto oppstilte og spente på kaien. Om bord på den store båten stod mannskapet klar og tok godt i mot oss. Her fekk elevane omvising, medan mannskapet på Kystvakta fortalde litt om arbeid sitt.
Fleire elevar kjende igjen båten, då den ofte ligg ute i Bjørnefjorden. Elevane fekk også prøva brannslangen og sikta med kanona framme i baugen, noko som fall i god smak!
Superracerbåt
Etter endt omvising blei begeistra elevar køyrde tilbake i ein annan og raskare lettbåt, som fort vart døypt for ”superracerbåten”. Ein stor dag for store og små ved Strandvik oppvekstsenter.
Hjarteleg til Kystvakta og mannskapet på KV Tor!
Snarveg:
Torill Jørgensen, Strandvik oppvekstsenter