Torgdagen på Engevik gaard er i tidsrommet kl 13-17 med gratis inngang. Her vert det sal av lokal mat, lokalt handverk, kunstutstilling og open restaurant. Du får høve til å sjå deg om i det særprega tunet som var ein millitær sjefsgard på 1700-talet.
Kvilestein i Holdhus kyrkje
Same dag er det konsert i Holdhus kyrkje kl 17 med programmet Kvilestein der ein får eit møte med folkesongen og folkemusikken i Hordaland. Dei som medverkar er songaren Kjersti Wiik, Einar Mjølsnes på feler og Laila Kolve på fløyter. Konserten er lågmælt og vakker. Balsam for sjela – eller som ein kvilesten i ein travel kvardag. Inngang kr 300,- og det skal vera råd å betala med vipps. Arrangør er Fortidsminneforeningen Fusa lokallag.
Samhald 100 år
Laurdag 8. september er det Familedag på Nore Fusa skule i samband med ungdomslaget Samhald sitt 100-årsjubileum. Det blir leikar, konkurransar og aktivietetar for heile familien frå kl 12. Om vèret er lagleg vert det grilling ute.
Migrasong - tonane dei bar med seg over havet
Onsdag 12. september er det fokus på utvandringa til Amerika med programmet Migrasong. Her får du eit møte med menneskeskjebnar i ord og bilete og musikken dei tok med seg over havet. Folkesongar og Fusa-ven Reidun Horvei er sentral i Migraong og ho har med seg gitarist Øyvind Lyslo og Per Inge Hove på trøorgel. Koret "Takt og tone" er teknisk arrangør i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Fusa kommune.