Aktuelt frå kommunen

Kystsogedagar i Sævareidfjorden

Cato og Claus til Fusa - Klikk for stort bilete

Helga 26.-27. august er det Kystsogedagar i Sævareidfjorden. Laurdagskvelden er det kabaret og Strileshow med Claus Sellevoll og Cato Jensen. Søndag er det Kystsogedag med stort program både i Sævareid sentrum og på Engevik gaard der M/S Midthordland og veteranbuss skal gå i mellom i skytteltrafikk. Sjå detaljert program.

Cato og Claus i storform

Det blir garantert stor stemning med Cato og Claus sitt "Strilashow" i ungdomshuset  Breidablikk laurdag 26.8. Framsyning startar kl 19.00. Med etterfølgjande dans med lokale "Roll And Rock" frå kl 21.00. Det førehandsal på Spar Fusa, Tønnekafeen og Nærbutikken Sævareid. 

Sævareid 150 år

Søndag 27.8. er den årlege Kystsogedagen med program både i Sævareid sentrum og på Engevik gaard.

I år er det 150 år sidan Sævareid Karton og Papfabrikk vart grunnlagt. Dette er på mange vis eit 150 årsjubileum for tettstaden Sævareid. Namnebror og slekting til grunnleggjaren, Hendrik Fasmer, skal opna programmet i Sævareid kl 12.00.  I Breidablikk vert det ei historisk fotoutstilling og i tillegg kan du gå ei historisk kvissløype i sentrum. Lars Arne Markhus skal kåsera om Sæveid gjennom 150 år.

Torgdag på Engevik

På Engevik gaard vert det torghandel, kunstutstilling med Anja Tveiterås sine illustrasjonar frå Gasta greie og minikonsertar i hagen med Idar Rolland og Nastasja Smørholm. Programstart kl 12.00. Dagen vert avslutta med utdeling av "Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris" for 2017. På Engevik gaard kan du også kjøpa deg kaffimat og middag, og du kan sjå deg om i husa på den særmerkte offisersgarden frå 1700-talet.

M/S Midthordland

70-årsjubilanten M/S Midthordland blir sentral i programmet. Veteranbåten går frå Osøyro kl 10.30 og går oppom Strandvik på vegen. Retur frå Engevik gaard kl 17.00 og båten vil vera tilbake til Osøyro ca kl 19.00. Du kan kjøpa rundturbillett ombord til kr 200 per vaksen. Midthordland vil gå fjordturar mellom sentrum og Engevik gaard i løpet av dagen. Du kan også sitja på med veteranbuss langs landevegen. Du kan kjøpa ein rundturbillett for buss og båt til kr 50,- i Breidablikk og på Engevik gaard.

Sjå detaljert program (PDF, 3 MB).

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.08.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30