Aktuelt frå kommunen

Kystsogedagar i Fusa

Enok til Fusa - Klikk for stort bilete

 Helga 22.-23. august er det Kystsogedagar i Fusa med skodespel, sommardans og torgdag i Sævareid. Sjå detaljert program (PDF, 9 MB). Største attraksjonen vert Enok Groven frå Anno-serien på NRK som opnar torgdagen på Engevik gaard søndag 23. august.

Kallane i Oladalen

Kystsogehelga byrjar laurdag 22. august med to framsyningar av lystspelet om «Kallane i Oladalen» i ungdomshuset på Breidablikk i Sævareid. Primus motor i Sævareidfjorden ungdomslag fortel at den lokale teatergruppa er i god rute. Dette blir ein kveld for gapskratt, lått og løye. Stykket er mykje spelt kringom på lokale teaterscenar og byggjer på eit stykke av Sigurd Lybeck, kanskje mest kjend som mannen bak teikneserien Jens von Bustenskjold.

Sommardans med Haavard

Etter to teaterframsyningar vert det same kvelden sommardans på Breidablikk og musikken står Haavard Skaatun Band for. 20 år gamle Haavard Skaatun frå Vinnes er i vinden som aldri før og spelte m.a på Osfest tidlegare i månaden.

Torgdag med Enok

Søndag er det kystsogedag på Engevik gaard på fjerde året. Arrangørane har gjort eit skup med å invitera Enok Groven til å opna torgdagen. Etter at avtalen var i boks, vann Enok Gullruten som «Årets deltakar» i norske fjensynsproduksjonar. I følgje Enok har «Anno-serien» snudd opp ned på det meste i livet hans. Ikkje minst har det opna mange dører. Han fått tallause tilbod og har måtta takka nei til dei fleste, men svara altså ja til å koma til Fusa. Han gler seg til å koma til Engevik og vil vera tilstade gjennom heile programmet og ta del i dei mange aktivitetane som dagen byr på.

Det blir torghandel med kortreiste varer, gamle handverk som bøkring, båtbygging, baking, smiing og bunadssaum. Det vert også meir leikprega aktivitetar som stylter, krokett, kviss og ulike styrkeprøvar. Kanskje er du heldig og får utfordra Enok i fekting?

Konsertar i hagen

Frå scenen i hagen vert det konsertar med Idar Rolland og Natasja Smørholm og bandet Standing Still. Mot slutten dagen vert det kåseri av førstekonservator Bård Olav Skogrand frå Bymuseet om kvardagslivet på 1700-talet. Dagen blir som vanleg avslutta med utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2015.

Kystsogedagane er eit samarbeid mellom Sævareidfjorden ungdomslag, Fusa kommune og Stiftinga Kystsogevekene i Hordaland.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.08.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30