Aktuelt frå kommunen

Kystsogedag på Engevik og Mjånes

Seladon ved kai på Engevik - Klikk for stort bilete

Sundag 28. august frå kl 12-17 vert det Kystsogedag med torgdag på Engevik gaard og ope tun på den tidlegare «frigarden» på Mjånes. Det vert eit omfattande program med kåseri, hagekonsert,utstilling, torghandel og veteranskyss med seglskip og buss. Sjå program (PDF, 4 MB).

Ope tun

På Engevik gaard er det som vanleg ope tun med matservering og høve til å sjå seg om i husa, som samtlege skriv seg frå den gamle millitære sjefsgarden frå 1700-talet. Ordførar Atle Kvåle står for den offisielle opninga kl 12.00 frå utescenen. Det er gratis inngang.

Kystsogedag på Engevik gaard - Klikk for stort bilete

Hagekonsertar

Det vert to små hagekonsertar frå utescenen i Engevik med unge talent med lokal tilknyting. Kristin Mjånes Myklebust og Fatima Revne vil ha kvar si avdeling i programmet. Kristin speler kl 12.15 medan Fatima kjem kl 15.30.

Torgahandel og gamle handverk

Torghandel med lokale produkt og kortreiste varer er eit populært innslag. På torget vert det alt frå kortreiste matvarer til lokal husflid og demonstrasjon av gamle handverk. M.a. syner Fusa husflidslag kipebinding og repslaging.
 

Kåseri om dansketida

Kåseriet vert i år med etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes som vil snakka om Engevik og arven frå dansketida. Her får du vita meir om livet på Engevik i generalmajor Christian Wilhelm Segelcke (1682-1763) sine velmaktsdagar. Dette skjer på Buo med ein presentasjon i lyd, ord og bilete kl 13 og 16.
 

Ukjend skulestove frå Sundvorsamlinga - Klikk for stort bilete

Sundvorutstilling

Det vert ei eiga utstilling med foto av bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963) som har ei unik samling av foto etter seg. Motiva er særleg henta frå grendene ved Lygrepollen, men også frå nabobygdene i Fusa, Tysnes, Kvam og Kvinnherad. Kulturkontoret har digitalisert alle bileta og du får smakebitar på Kystsogedagen. Sjå kva Os og Fusaposten skriv om Sundvorsamlinga.

 

Tunet på Mjånes - Klikk for stort bilete

Frigarden på Mjånes

Medan Engevik var millitær sjefsgard på midten av 1700-talet var fleire av underoffiserane i det Sunnhordlandske kompani busett på gardar i området. Mjånes var ein slik millitær «frigard». Tunet på Mjånes har m.a. den eldste løa i Fusa, som kan hende er i frå melleomalderen og fleire gamle bygningar. M.a. har dei laga seg eit lite gardsmuseum med gamalt innbu og verkty. 
 
Det vert omvising med professor emeritus Nils Georg Brekke. Brekke var tidlegare fylkeskonservator og sterkt involvert den gangen løa vart restaurert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.
 
Det vert omvising på Mjånes kl 13.30 og kl 14.30
 

Kulturhistorisk skyss

Transporten mellom Engevik og Mjånes går med seglkuttaren Seladon frå Fitjar og veteranbuss, og er ei kulturhistorisk oppleving i seg sjølv. Bussen som kjem til Sævareid er frå tidleg 60-tal og gjekk i rute for Bergen-Hardanger bilag i nordre del av Fusa, m.a. som skulebuss. Veteranskyssen kostar kr 50,- for ein rundtur. Barn går gratis. All parkering av privatbilar skjer ved Engevik gaard.
 

Prisutdeling avsluttar dagen

Programmet for dagen vert avslutta med utdeling av Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris for 2016. Dette skjer frå scenen på Engevik gaard.
 
Arrangør på 5. året er Sævareidfjorden ungdomslag i samarbeid med Fusa kommune og Stiftinga Kystsogevekene i Hordaland. 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 23.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30