Aktuelt frå kommunen

Kystsogedag med historisk sus!

Kystsogedag på Engevik Gaard 2013 - Klikk for stort bileteKystsogedag på Engevik Gaard 2013 EMBV Kong Fredrik 4.s Tambouravdeling af 1704 tok publikum med tibake til dansketida på Engevik Gaard laurdag. Her marsjerte soldatar i tidsriktige uniformer og parykkar, her lydde det trommevirvlar, her lukta det kryttrøyk og her gav saluttane gjenklang i fjellet. Trommetradisjonar i Fusa smelta saman med levande forsvarshistorie denne jubileumsdagen som også baud på strålande vêr og god mat.  

Tamburavdelinga sytte for levande historieformidling og stor stemning. Så høglytt gjekk det for seg at det knuste ei rute i sjøbua under ei av salutteringane!

Slåttetrommetradisjon

Ein annan glimrande formidlar var tambur Eirik Sundvor frå Bergen. Han er barnebarn av Johannes Sundvor, som vi kan takka for at det er teke vare på mange trommeslåttar frå fusabygdene. Johannes Sundvor var både ein dyktig tambur, ein ivrig samlar av trommeslåttar - som han skreiv ned på notar - og ein viktig formidlar av denne tradisjonen.

Barnebarnet har ført tradisjonen vidare og vore mentor for mange av dagens tamburar her til lands. Eirik Sundvor er ein av dei som skal ha æra for at trommeslåttradisjonen vert halden i live i dag. På Engevik både fortalde han om bestefaren sitt arbeid og framførte døme på trommeslåttar.

Forsvarsfokus

Årets kystsogedag stod i forsvaret sitt teikn. Engevik Gaard er gamal offisersgard grunnlagt av generalmajor Christian Wilhelm Segelcke tidleg på 1700-talet. I år er det 250 år sidan han døydde. I dette høvet er det laga eit minnesmerke over majoren. Det vart høgtidleg avduka av den fusingen som i dag har høgast militær rang, sjefen for Sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt

Admiralen kom til Engevik Gaard med museumsskipet KNM Hitra saman med fleire kollegaer frå Forsvaret. Dei var alle med på festmiddagen på Breidablikk på slutten av dagen. Her fekk publikum ei spennande innføring i norsk og vestlandsk militærhistorie ved ein annan glitrande formidlar, Sven-Erik Grieg-Smith.

Kulturvernpris

Under festmiddagen vart også Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris med stipend delt ut. Årets vinnar vart Tønnegarden Economuseum v/Jostein og Kari Gangstø - for det store arbeidet dei har gjort for å ta vare på og formidla bøkkartradisjonen i Fusa.

Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 marsjerer saman med sjefen for Sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 marsjerte og salutterte flittig på Engevik Gaard. Dei underheldt med tambourspel og formidla militærhistorie frå dansketida på ein levande måte. | Fotograf: EMBV Dagens sjef for Sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt, inspiserer ”Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704”. | Fotograf: EMBV Publikum vart oppmoda om å signera jubileumsprotokollen for 250-års markeringa av Christian Wilhelm Segelcke sin død. Her er lokalavisredaktør Christian Fredrik Stabell i aksjon. | Fotograf: EMBV
Museumsskipet KNM Hitra legg til kai på Engevik Gaard med sfen for Sjøforsvaret, Bernt Grimstvedt, og fleire høgtståande forsvarsfolk om bord. | Fotograf: EMBV KNM Hitra ved kai på Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV Det var spennande for både små og store å få sjå seg rundt på den gamle marinejagaren. | Fotograf: EMBV Tønnegarden v/Jostein og Kari Gangstø fekk Anders Kåre Engevik sin kulturvernpris 2013 for arbeidet med å ta vare på og formidla bøkkartradisjonen i Fusa. | Fotograf: EMBV
Jostein Gangstø takka for kulturvernpris og stipend. Han understreka at både innsatsen frå heile familien og støtte utanfrå har vore avgjerande for å få til Tønnegarden Economuseum. | Fotograf: EMBV Historikar Sven-Erik Grieg-Smith gav publikum ei spennande innføring i norsk og vestnorsk militærhistorie. | Fotograf: EMBV Generalinspektøren for sjøforsvaret, kontreadmiral Bernt Grimstvedt, avduka minnesmerket over generalmajor Christian Wilhelm Segelcke - grunnleggjaren av offisersgarden Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV Minnesmerket over generalmajor Christian Wilhelm Segelcke er laga av far og son Arne og Vidar Mæland frå Os. | Fotograf: EMBV
Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 avfyrte salutt til ære for generalmajor Segelcke. | Fotograf: EMBV Verten på Engevik Gaard, Lars Johan Ditmarsen, hadde også kledd seg i historisk kostyme. | Fotograf: EMBV Ordførar Hans S. Vindenes - etterkomarar etter Segelcke i 9. ledd - stod for den offisielle opninga av Kystsogedagen 2013 og jubileumsmarkeringa for C. W. Segelcke på Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV Kulturkontoret hadde laga til utstilling om slåttetrommetradisjonen i Fusa - med god hjelp m.a. frå barnebarnet til Sævareid-tamburen Henning Stensen, Sølvi Thorvaldsen og ektemannen Svein. Kulturleiar Erik Vangsnes t.v. | Fotograf: EMBV
Eirik Sundvor, barnebarn av den viktige tradisjonsberaren innan slåttetrommetradisjonen i Fusa, Johannes Sundvor. Eirik spela og fortalde på Kystsogedagen. | Fotograf: EMBV Eirik Sundvor demonstrerer korleis tamburane øvde på "stumptromme", ei lærkledd fjøl som ikkje laga like mykje lyd som tromma. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 slo leir på Enveik Gaard laurdag. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 på Engevik Gaard på Kystsogedagen 24.8.2013.
Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 marsjerer inn på tunet i sine tidsriktige uniformer, med instrument og våpen. | Fotograf: EMBV Soldatane i Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 med sine muskettar, marsjerer mot paradeplassen. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 oppstilt på paradeplassen nedanfor hovudbygningen. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 ladar muskettane. | Fotograf: EMBV
Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 heiser festningsflagget frå dansketida på Engevik Gaard. | Fotograf: EMBV Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 salutterer ved flaggheisinga. | Fotograf: EMBV Artilleriet ved Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 ladar kanona. | Fotograf: EMBV Artilleriet ved Kong Fredrik den 4. tambouravdeling af 1704 salutterer så det drønnar over heile Sævareidfjorden. | Fotograf: EMBV

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30