Aktuelt frå kommunen

Kven bør få Frivilligprisen 2013?

Forrige prisvinnarForrige prisvinnar Fusa frivilligsentral

 

Fusa frivilligsentral skal i år dela ut Frivilligprisen for 4. gong. No ber dei fusingane koma med forslag til kandidatar. Det kan vera enkeltpersonar, grupper eller lag. Forslaga må ha ei skriftleg grunngjeving. Innsendingsfristen er 18. mars. Frivilligprisen er oppretta for å løfta fram frivillig innsats og gje litt oppmuntring, ros og takk for innsatsen.  

Medmenneske

Det vert lagt meir vekt på sosialt enn kulturelt engasjement ved val av prisvinnar. "Mange rundt oss brukar - og har brukt - mykje av tida si til å vera medmenneske, i eit mangfald av lagsarbeid, foreiningar, idrettslag, kyrkjeleg arbeid - eller heilt på eiga hand," skriv Frivilligsentralen i si pressemelding. Det er slike medmenneske dei ønskjer å heidra med Frivilligprisen.

Jury

Send grunngjevne forslag på epost til frivilligsentralen@fusa.kommune.no eller som brev til Fusa frivilligsentral, Postboks 73, 5649 Eikelandsosen innan 18. mars.

Jury for prisen er styret i Fusa frivilligsentral. Prisen vert delt ut på frivilligsentralen sitt årsmøte i april. Sist prisen vart delt ut var i 2011. Då gjekk prisen til Gudleik Østerbø (sjå foto). Dei to første prisvinnarane var Trond Djupvik og Ingjald Vestbø.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30