Aktuelt frå kommunen

Kva skal hallen heita?

Idrettshall under bygging (Knut Revne) - Klikk for stort bilete

I innspelsrunden fekk vi heile 33 ulike forslag til namn på idrettshallen som er under bygging. No får du høve til å stemma på eit utval av namn som er med i finalerunden. Frist for å gje di stemme er 25. oktober.

Det har vore stor interesse for namngjevinga av den nye storstova for idrett og kultur i Fusa. Det kom heile 33 ulike namn inn i idérunden. Fusa idrettsråd som representerer den organiserte idretten, har vore med å plukka ut eit utval av namn som har gått vidare til ein avstemmingsrunde.

Skal det geografiske namnet vera Bjørnafjorden, Eikelandsosen, Fjorden eller Fusa? Skal "etternamnet" vera arena, fleirbrukshall, idrettshall eller heilt enkelt hallen?

Avstemminga vert rådgjevande og det endelege vedtaket vert gjort av kommunestyret i desember. Du kan senda inn ditt forslag via lenka til Avstemming på Google. Frist til å koma med forslag er 25. oktober.

Kjenner du nokon som er engasjert i spørsmålet om kva hallen skal heita, men som sjølv ikkje er på Internett, er det lov å hjelpa. Den nye hallen engasjerer folk i alle aldrar og frå ulike miljø, og vi håpar at mange vil seia si meining om det endelege namnet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 17.10.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30