Aktuelt frå kommunen

Kva seie du? - eit språkspel for alle

Det regionale nettverket Kultur for eldre - Klikk for stort bilete

Kva betyr det å «skotra»? Eller kva er eit «rivjarn»? Kva betyr det å vera «slonken»? Svaret finn du i språkspelet som kultursamarbeidet Kultur for eldre har laga til bruk på tvers av generasjonane.

Regionalt samarbeid

Nettverket «Kultur for eldre» er eit samarbeid mellom kommunane Kvam, Samnanger, Fusa og Os med medlemer både frå omsorgssektoren og kultursida. Frå Fusa møter Mildrid Aarvik frå Fusa bu- og behandlingssenter og Erik Vangsnes, kulturkontoret.

Nettverket er samla to gonger i året for å utveksla erfaringar og utvikla samarbeidstiltak. Det har resultert i fleire prosjekt og tiltak for å få fleire kulturaktivitetar retta mot eldre, både  på og utanfor institusjon. Tidligare har ein blant anna fått tilskot til konsertar, dans, historie- og kunstformidling. 

 

Ny vri

I år har nettverket gjort ein ny vri og gått saman om prosjektet «Lokale ord og uttrykk». I Kvam, Samnanger, Fusa og Os er det mange kvardagsord- og uttrykk som kanskje er typisk for desse grannekommunane. Det er samla inn  51 lokaltypiske ord frå dei fire kommunane.

Orda er trykt på store gode kort. Eit ord på kvart kort med forklaring på baksida. Vips så har vi ein kortstokk og ein ny språkleik som har fått namnet «Kva seier du?». For Fusa sin del er det ei fin oppfølging av den populære ordboka Gasta greie som kom ut i 2016.
 


Passar for alle

Korta kan brukast til leik, spørje- og mimespel i grupper. Gamle ord og uttrykk aktiviserer språklege og kulturelle erfaringar som kallar både på minna og låtten! Ein håper korta også kan vera eigna for å skapa kontakt mellom generasjonane. Språket deler me og spelet passar for alle.   

Spelet fins i avgrensa opplag og vil difor verta gitt til avdelingar i kommunane kor fleire kan dela på spelet og ha glede av det saman. Sjukeheimar, dagsenter, skulebibliotek, folkebibliotek, frivilligsentralar og vaksenopplæringa er blant dei som kan venta seg ei hyggeleg helsing frå nettverket Kultur for eldre. 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30