Aktuelt frå kommunen

Kva nye anlegg for idrett og frluftliv treng Fusa?

Nye anleggsbehov - Klikk for stort bileteNye anleggsbehov Erik Vangsnes  Fusa kommune skal laga ny Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2013-2019. No ønskjer ein innspel til nye anlegg på kort og lengre sikt.

Utfordringa går til både idrettslag, skyttarlag, bygdeutval, velforeningar og andre som har frist til 8. april med å koma med idear og planar for små og store anlegg.

Fusa kommune ønskjer no at lokale lag kjem med sine planar for utviklinga av anlegg til idrett og frluftsliv i deira nærmiljø. Det kan vera ballbinge, ønskje om tilrettelegging av nye badeplassar, turstiar i nærmiljøet eller større idrettsanlegg som kunstgrasbanar, gymsalar og idrettshallar.

Ein vil minna om at det er ein føresetnad for handsaming av seinare søknader om statlege spelemidlar at anlegg/ tiltak er komne med i kommunal plan. Ved innmelding av nye prosjekt skal ein skilja mellom meir konkrete planar dei næraste 4 åra og meir lause planar for dei neste 10 åra. Der ein har ønske om fleire anlegg skal desse prioriterast innbyrdes.

Fusa kommune har ei ordning med driftstilskot til idrettsanlegg. Denne skal reviderast i samband med planarbeidet. Lokale lag er bedne om å koma med dokumenterte behov for kommunale tilskot.

Svarfrist er sett til måndag 8. april.

Sjå brev som er sendt ut til idrettslag og skyttarlag (PDF, 86 kB)

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30